Fleirtalet av befolkninga i Norge levde i bondesamfunnet på 1800-talet. På gardane i innlandet og langs kysten arbeidde husbonden, husmora og besteforeldra, dersom dei var spreke nok, saman med barn, tenestefolk og husmannsfamiliar. I bondesamfunnet var det vanleg i skilja mellom mannsarbeid og kvinnearbeid. Husmora leidde arbeidet i huset. Ho sørgde for at husdyra vart mjølka og fekk nok fôr. Mannsarbeidet vart rekna som tyngre, og bestod blant anna av å jakta, fiska, slakta, og pløya markene.

Alt gardsarbeidet krevde trening og erfaring, men dette satte ikkje ein stoppar for at også kvinnene måtte ta seg av det såkalla mannsarbeidet. Dette skjedde som regel ofte fordi mennene ofte var borte frå gardane i samanhang med jakt og fiske osv.

Industrialiseringa og byveksten skapte ein stor arbeidarklasse i byane, og dette gjorde at det vart vanleg for kvinnene å ha lønna arbeid, spesielt innanfor tekstil og hermetikk fabrikkane, men kvinnene hadde framleis ansvar for heimen.

asdasd.jpg
Industrialiseringa utvikla ein ny måte å organisera arbeidet på. Fabrikkane samla hundrevis av arbeidarar, og byane voks. Det same gjorde arbeidarklassen, både i Noreg, i resten av Europa og i Nord-Amerika. Arbeidarane organiserte seg i fagforeiningar, og etter kvart voks det fram politiske parti som ville at arbeiderklassen skulle ta makta i samfunnet. Først og fremst skjedde dette i Europa.